Lyrics

Cor Scorpii - Monument

1. Ei fane svart
2. Endesong
3. I, the damned
4. Our fate, our curse

5. Helvetesfossen (instrumental)
6. Oske og innsikt
7. Kjettar
8. Bragder i stein


Ei fane svart
(Music. Refsnes - Lyrics: Øvstedal/ Refsnes)

Fryktlaus er den dømde
Ærefull og rak
Ein tidlaus torn i auga
Til tvangstru og misjon

Ein krigar i natta
Merka og brend
Ikkje har han ottast
Skjærseld eller inkvisisjon

Kjettarar og vantru
Nytarar av livet si frukt
Døtre av Diana
I ekstatisk heksedans
Morgonstjernas søner
Jaga som eit ureint barn
Storlåten visemann
Trassar konvensjon

Evige offer
For syndas piskeslag

Motstandshird
Røyser seg til kamp
Lidande logar
Vert til flammehav

Alle skal dei samlast om hjartet
Til ein skorpion

Gneista har slokna
Og anden teke slut
Ei kiste kledd i mørke
Dysterheitas drakt

Ein livslang kamp
For vår svarte fane
I æva skal det minnast
Den stolte mann sitt namn

Top
Releases

Endesong
(Music: Lomheim - Lyrics: Øvstedal/Refsnes)

Eg ser utover havet
Alt er stille no
Ditt andlet i mitt indre
Fastbrent i mitt sinn

Ei openberring av jordsleg art
Etterlot meg naken, utan makt
Sanselaust berusa, tapt i ditt blikk
Eg såg meg sjølv gå under
Men flammen gav meg fred.

Bølgjeslag mot hjarteslag
Fortapt i alt mitt hat
Utan grenser, utan håp
Eg lot mi sjel forgå.
Hatet rår!
Iskalde kjensler, lamma av nag
fødd mellom skuggar og skam
Ut frå det stille eit helvetes kall
Kvalt av ei ljosfri verd.
Lagnaden lir!

Svartna sinn, ser dauden nær
Håpet svinn!

Eg vakar gjennom natta.
Heimsøkt av mine draumar
Mitt svik var størst av alle
Mi sorg er utan trøyst.

Endesongens siste farvel
Ein klagesong i det fjerne
Ein song som stig i styrke
Ein song som stig i kraft

Top
Releases

I, the damned
(Music: Refsnes - Lyrics: Øvstedal/ Refsnes)

Indoctrinate
Masses blindly entranced
United in name
A seed is sown within

Disharmony
Monumental change
A light less bright
Ruptured walls of grace

All alone
Illuminated fears
Freedom obtained
Shackles fade, replaced with hate

Hear my cries
A call to arms
Unmerciful god
Vengeance and scars

I, the damned
By shattered dreams interred
Share my tears
Visions of might
Deception and lies

Top
Releases

Our fate, our curse
(Music: Refsnes - Lyrics: Øvstedal/ Refsnes)

Living in the shadow of a curse
We have brought upon ourselves
Craving life eternal never ends

Looking at the future
As an endless unknown
Fear of damnation in their eyes

Icons and symbols from life’s altar
Hope and fear
Leading to the end of days
Death in pain
Yearning for a twist of fate
I’ll remain
defiant till the end

Words of light
Fade
At the point of death
Like leaves
Falling from a tree

A dead blackened soul
Searching for a way
A never-ending vortex of decay

Never fear the emptiness
The answer is at hand
Your powers cannot comfort you
Or free you from your dying breath

Death triumphant
As night and day unite
Abyss everlasting
Draped in black and grey

Top
Releases

Oske og innsikt
(Music: Refsnes - Lyrics: Øvstedal/ Refsnes)

Vinden piskar
Mot naken hud
Utemd og fri
Stikkande kulde

Speglar mi sjel
Speglar mitt sinn
Lekkjelaus
På vitskapens veg

I lys av brende vengjer
Oske og innsikt

I lys av brende vengjer
Framgang ein dødsdom

Elda dogmer
Nedsett i teikn
Eit slør av skrifter
Mot tenkande kraft

Utrødd mark
Rein og ny
Endelaust
Og fritt

Ei ny sol skin for meg
Som eit skjær i stormfullt hav
Kjerne i kaostid
Ending av ei slavemakt
Prektige fasadar brest
Herre over skaparverk

Omvelting
Og sjå monument lagt i ruin
Ei tidlaus sanning ser si endetid vert til
Uvisse
Og sjå trelldomen forsvinn
Deira redslar skal speglast i mitt blikk

Svart er svart
Og daudt er daudt
Omslutta av mørke

Falma ord
Åleine står
Lausrive symbol er fødd på ny

Top
Releases

Kjettar
(Music: Sjøthun - Lyrics: Øvstedal/ Refsnes)

Tryggleik tapt og fridom med
Trusselen må lukast vekk
Vik frå tanke, vik frå meg!

Slave av demonisk kraft
Anklaga for eigenart
Lutrast skal den skamlause
Tredve spørsmål utan svar

Kjettar
Kjettar – fridom gjennom eld
Kjettar
Kjettar – oskelagde spirer

Mot rettarstad eit følgje kjem
Hyklarar i prosesjon
Brend for sanning utan tvil
Blind tru på bevisets makt

Med bøddeløks og heksebål
Utan frendar, utan håp
Skulda for ein djevelsk ham
Kastar skuggar over klårsyn og visjon

Dans til Hekates song
Kle dykk i midnattsvart
Kom og styrk vår hær
Sol dykk i fandens prakt

Top
Releases

Bragder i stein
(Music: Refsnes - Lyrics: Øvstedal/ Refsnes)

Ei ferd mot enden
Mot overmakt og krig
Med ein song om truskap
Manar vi til strid

Sterk i trua
På vår framtids prakt
Alt vi ofrar
For vår sjelelege drakt

Bragdane deira skal hoggast i stein
Som ofra sitt liv for nasjonen, vår heim
Dei kjempa i mot og dei kjempa for sine
Vi hyller ein kamp, eit folk og eit minne

Med flagg i følgje
Vi kjempar for ei von
Tålmod er vårt våpen
Ei endring vår visjon

Det glitrar i augo
Meir for kvart sekund
For blod og ætt vi kjempar
Vi døyr for land og grunn

Bragdane deira skal hoggast i stein
Som ofra sitt liv for nasjonen, vår heim
Dei kjempa i mot og dei kjempa for sine
Vi hyller ein kamp, eit folk og eit minne

Urgammal visdom
Samlande teikn
Av motstand og kamp
Kjem fridom og ære
Rissast skal namn
Den falnes monument
Evig til minne
Bragder hogd i stein
 

Top
Releases